Nye tal for slutta i vidaregåande opplæring er no publisert

Statistikken viser tal for elevar som sluttar i vidaregåande opplæring i løpet av skoleåret. Tabellen viser delen elevar som har slutta i løpet av året. Du kan også velje å sjå talet elevar som har slutta og talet elevar totalt.

Endra behandlingsreglar gjer at desse tala avvik frå det som inntil desember 2017 har vore publisert i Skoleporten. Hovudskilnaden er at kandidatar som i minst eitt fag deltek i opplæring spesielt organisert for vaksne (fagstatus «V») eller er realkompetansevurdert eller friteken i minst eitt fag etter forskrift til opplæringslova § 1-13 (fagstatus «R»), no er halde utanfor statistikken.

Denne behandlingsmåten gjeld for alle årgangane av denne statistikken i Skoleporten, slik at tala er samanliknbare over tid.

Du finn tala her.