Tal for slutta i vidaregåande opplæring 2018-19 publisert

Indikatoren for slutta i løpet av skoleåret viser den delen av elevane i vidaregåande opplæring som sluttar i løpet av eit skoleår. Indikatorane gjeld elevar i skoleløpet i vidaregåande, og indikatorane følgjer derfor berre elevar, ikkje lærlingar.

Tal frå 2018-19 er ikkje samanliknbare med tala frå tidlegare år.

Dette kjem av endring i behandlinga av elevar med ufullstendige registreringar.

Ein god del elevar manglar registrering om førre elevstatus sjølv om dette er obligatorisk når ein elev har slutta.

Tidlegare vart alle desse elevane rekna med i statistikken.

Vi har no gjort endringar som gjer statistikken meir riktig og som avgrensar konsekvensane av feilføringane.

  • Viss desse elevane er under 25 år, har vi valt å inkludere dei i statistikken sidan det er størst sannsyn for at desse skulle hatt elevstatus «E» (som er den største elevgruppa).
  • Viss dei er 25 år eller eldre, antar vi at dei skulle hatt elevstatus V, og dei kjem ikkje med i denne statistikken då vi berre tel elevar med elevstatus E og A.

Tala finn du her

Analysen ligg her (udir.no)