Tal for gjennomføring i vidaregåande opplæring er no publisert i Skoleporten.

Vi har no publisert tal for tre gjennomføringsstatistikkar:

  - Gjennomføring i løpet av fem år

  - Overgangar frå Vg1 og Vg2

  - Ungdom utan og utanfor vidaregåande opplæring

Gjennomføring i løpet av fem år beskriv resultatet av opplæringa for elevane som begynner i vidaregåande opplæring for første gang, fem år etter påbyrja Vg1. 

Indikatorane for overgangar i vidaregåande opplæring gir informasjon om overgangane mellom trinna i vidaregåande opplæring, og viser status for dei som var i vidaregåande opplæring året før.

Ungdom utan og utanfor vidaregåande opplæring viser ungdom i alderen 16-25 år som verken er i opplæring eller har fullført og bestådd vidaregåande opplæring og om desse er i arbeid eller ikkje.