Skolefakta for vidaregåande opplæring 2020-21 er no publisert

Skolefakta for vidaregåande opplæring viser:

  •  talet på elevar etter utdanningsprogram og etter skole- og fylkesnivå og nasjonalt nivå
  •  talet på skolar etter fylkesnivå og nasjonalt nivå

Tala viser status per 1. oktober. Talet på lærarar blir henta frå ei anna kjelde og blir difor publisert seinare. 

Du kan òg finne talet på elevar på udir.no/statistikk. Her finn du i tillegg talet på elevar fordelt på programområdenivå. Desse tala finn du her.