Nye tal for skolefakta om vidaregåande opplæring er no tilgjengelege i Skoleporten

Dette omfattar elevar og skolar for skoleåret 2015-2016.

Skolefakta for vidaregåande opplæring viser:

  •  talet på elevar etter utdanningsprogram og etter skole- og fylkesnivå og nasjonalt nivå
  •  talet på skolar etter fylkesnivå og nasjonalt nivå

Tala viser status per 1. oktober 2015. Talet på lærarar blir henta frå ei anna kjelde og blir difor publisert seinare.

Tala for skoleåret 2016-17 blir etter planen publisert i midten av februar 2017.

Tal på elevar og skolar har blitt revidert
Tidlegare publiserte tal kan ikkje samanliknast med resultat som er publisert frå mai 2016. Dei nye tala gjeld i første omgang for skoleåra 2013-14 til og med 2015-16. Tidlegare årgangar vil bli publiserte i Skoleporten straks dei er ferdige.

Analyse av dei nyaste tala finn du her.

Hovudforskjellen er at følgjande kandidatar no er haldne utanfor statistikken: Dei som i minst eitt fag deltek i opplæring spesielt organisert for vaksne (har fagstatus = V), eller dei er realkompetansevurderte eller fritekne i minst eitt fag etter forskrift til opplæringslova § 1-13 (har fagstatus = R).

Dei gamle tala for elevar og skolar er inntil vidare tilgjengelege i Skoleportens rapportbyggar under namna «Talet på elevar og vaksne deltakarar» og «Talet på skolar 2004-2014»

I samband med denne publiseringa har malen for tilstandsrapport også blitt oppdatert. Trykk Oppdater i lagra tilstandsrapportar for å få med denne endringa.

Du kan òg finne talet på elevar i Statistikkportalen. Her finn du i tillegg talet på elevar fordelt på programområdenivå. Desse tala finn du her.