Fagvala til elevar i vidaregåande opplæring finn du no i Statistikkportalen
Fagvala til elevar i vidaregåande opplæring for skoleåret 2015-16 er no publiserte i Statistikkportalen.
I samband med denne publiseringa er det vedteke å fjerne fagvala til elevar i vidaregåande opplæring frå Skoleporten.
I Statistikkportalen kan du finne tal for alle faga, og ikkje berre utvalet som har blitt publisert i Skoleporten tidlegare.