Veiledning for tilstandsrapporten (nynorsk)

Den årlege tilstandsrapporten inngår som ein del av det ordinære plan-, budsjett- og rapporteringsarbeidet hos skoleeigaren og har kvalitetsutvikling som siktemål. Vi har laga ein mal som er frivillig å bruke. Det er meininga at de skal redigere i dokumentet slik at malen blir eit godt verktøy lokalt.

 

 

Medverknad i utarbeidinga av rapporten

Kryss av for kven som har vore involverte i prosessen med å utarbeide tilstandsrapporten.  

 

JA

NEI

Elevar og foreldre (f.eks. dialogmøte)

 

 

Organisasjonane

 

 

Skolar

 

 

Administrasjonen i kommunen/fylkeskommunen

 

 

Politikarar i kommunen/ fylkeskommunen

 

 

 

Lovkravet

Det er fastsett i opplæringslova og privatskolelova at skoleeigarar pliktar å utarbeide ein årleg rapport om tilstanden i opplæringa. I St.meld. nr. 31 (2007-2008) går det fram at det er viktig at styringsorgana i kommunar og fylkeskommunar har eit bevisst og kunnskapsbasert forhold til kvaliteten på grunnopplæringa. Dette er nødvendig for å følgje opp utviklinga av sektoren på ein god måte.

Den årlege rapporten skal drøftast av skoleeigaren, dvs. av kommunestyret, fylkestinget og den øvste leiinga ved dei private grunnskolane, jf. opplæringslova § 13-10 andre ledd. Det er fastsett i privatskolelova § 5-2 andre ledd bokstav k at styret skal drøfte den årlege rapporten om tilstanden i desse skolene.

Desse har ansvar for å utarbeide den årlege tilstandsrapporten:

  • Kommunar
  • Fylkeskommunar
  • Private grunnskolar som er godkjende etter opplæringslova § 2-12
  • Private skolar med rett til statstilskott

 

Innhald i tilstandsrapporten

Tilstandsrapporten skal på grunnskolen som eit minimum omtale læringsresultat og læringsmiljø. For vidaregående skal også fråfall omtales. Skoleeigaren kan og omtale andre resultat og bruke andre data ut frå lokale behov. Når det blir gjerast vurderingar av tilstanden, er det viktig å synleggjere kva for målsetjingar hos skoleeigaren og skolane som danner grunnlag for vurderinga.

Tilstandsrapporten skal innehalde vurderingar knytte til opplæringa av barn, unge og vaksne. Dei data som er tilgjengelege i Skoleporten, innheld ikkje data om vaksne. Skoleeigaren skal derfor bruke andre kjelder for datainnhenting på dette området.

Tidleg innsats er vesentleg for å betre elevane sine ferdigheiter og den faglege utviklinga. Kartlegging av elevane sitt ferdigheitsnivå må følgjast opp med tiltak for dei som har behov for ekstra opplæring frå første stund. Den spesialpedagogiske innsatsen er her sentral.

 

Kvalitetsvurderingssystemet

Tilstandsrapporten inngår i kvalitetsvurderingssystemet. Kvalitetsvurdering er å samanstille informasjon og data som grunnlag for å drøfte kvaliteten på opplæringa internt på ein skole eller i ein kommune/fylkeskommune, og for å drøfte kvaliteten i større delar av eller i heile utdanningssektoren. Målet er kvalitetsutvikling og læring. Kvalitetsvurderinga er ein prosess der dialogen om kva som er god kvalitet, står sentralt. Det er naturleg at det blir stilt spørsmål ved samanhengen mellom kvaliteten på opplæringa ved den enkelte skolen og mellom skolane og resultata i dialogen med skoleeigaren.

 

Det generelle systemkravet

Skoleeigarane si plikt til å utarbeide årlege rapportar om tilstanden i grunnopplæringa er ein del av oppfølgingsansvaret knytt til det generelle systemkravet (internkontroll), jf. opplæringslova § 13-10 andre ledd og privatskolelova § 5-2 tredje ledd. Ver merksam på at kravet til internkontroll omfattar alle plikter som skoleeigaren har etter lov og forskrift. Det generelle systemkravet er derfor meir omfattande enn det tilstandsrapporten sitt minimum skal dekkje.

 

Personvern

Tal som blir lasta direkte inn frå Skoleporten, kan for små einingar innehalde indirekte identifiserbare opplysningar. Dette kan være teiepliktige opplysningar etter forvaltningslova § 13 og/eller personopplysningar etter personopplysningslova § 2 nr. 1. Tilsvarande kan også gjelde for lokale indikatorar. Desse opplysningane må behandlast   i tråd med reglane i forvaltningslova og/eller personopplysningslova.