Tala ligg under "Skolefakta" i venstre meny i desse rapportane:
Talet på elevar fellesfag
Talet på elevar programfag
Dei fleste fellesfaga er med, både studieførebuande og yrkesfaglege. I tillegg er det gjort eit utval av dei største programfaga på studieførebuande utdanningsprogram. For yrkesfag er det valt ut eitt programområde per utdanningsprogram. Her ser ein elevtalet for dei felles programfaga i dette programområdet.
I år blir det òg publisert elevtal for to nye fag: norsk hovudmål og norsk sidemål for Vg3 påbygging til generell studiekompetanse.
Desse elevane vart tidlegare registrerte på same norskfag som elevane på dei studieførebuande utdanningsprogramma. Frå i år er òg norske skolar i utlandet med i tala. Merk at dei ikkje er med i dei nasjonale tala.
Fordeling på utdanningsprogram
Ein kan velje om ein vil sjå yrkesfaglege og studieførebuande fag i same rapport, eller om ein vil sjå dei kvar for seg.
Samtidig er det mogleg å sjå talet på elevar per fag fordelt på kvart utdanningsprogram i vidaregåande opplæring. Dersom du ser på talet på elevar på engelsk yrkesfagleg, kan du altså velje om du vil sjå dette for alle elevane samla, eller til dømes berre for elevar på bygg- og anleggsteknikk.
Merk at elevar på yrkesfag av og til er registrerte på studieførebuande fag (og til ein viss grad omvendt). Dette gjer at ein til dømes i rapportane kan finne at elevar på bygg- og anleggsteknikk har teke engelsk studieførebuande.
Lenke til analysen på udir.no