Gå til bokmål
Desse har ansvar for å utarbeide ein årleg tilstandsrapport:
- Kommunar
- Fylkeskommunar
- Private grunnskolar som er godkjende etter opplæringslova § 2-12
- Private skolar med rett til statstilskott
Rapport om tilstanden i opplæringa
Rapporten om tilstanden (tilstandsrapporten) i opplæringa skal omhandle læringsresultat, fråfall og læringsmiljø.
Den årlege rapporten skal drøftast av skolereigaren, dvs. kommunestyret, fylkestinget og den øvste leiinga ved dei private grunnskolane, jf. opplæringslova § 13-10, andre ledd. Det er fastsett i privatskolelova § 5-2, andre ledd, bokstav k, at styret skal drøfte den årlege rapporten om tilstanden i desse skolane.
Det følgjer av forarbeida til føresegnene - Ot.prp.) nr. 55 (2008-2009) s. 24 - at det skal vere mogleg å tilpasse arbeidet med å utarbeide ein årleg tilstandsrapport til det ordinære plan-, budsjett- og rapporteringsarbeidet hos skoleeigaren.
Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem
Tilstandsrapporten er eit sentralt element i det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet. Regjeringa har fastsett mål knytte til læringsresultat, fråfall og læringsmiljø som grunnlag for å vurdere kvaliteten i grunnopplæringa. Desse måla er gjennomgåande for alle nivåa i sektoren og skal ha innverknad på opplæringa ved den enkelte skolen og for den enkelte eleven. Måla dannar òg grunnlag for vurderingane som skoleeigaren skal gjere i tilstandsrapporten. Til kvar av dei tre nasjonale målsetjingane har regjeringa knytt nokre indikatorar som skal gi grunnlag for å vurdere kor langt skoleeigaren er kommen i å nå måla.
Krav til innhald i tilstandsrapporten
Tilstandsrapporten skal som eit minimum omtale læringsresultat, fråfall og læringsmiljø, men kan byggjast ut med annan omtale som skoleeigaren meiner er føremålstenleg ut frå lokale behov. Det er data frå Skoleporten som hovudsakleg skal brukast som grunnlag for skoleeigaren si vurdering av tilstanden, men det følgjer av St.meld. 31 (2007-2008) at skoleeigarar og skolar blir oppmoda til å føre opp konkrete målsetjingar for kva dei skal oppnå innanfor dei målområda som er sette opp.
Det følgjer av Ot.prp. nr. 55 (2008-2009), s. 24, at tilstandsrapporten skal innehalde vurderingar knytte til opplæringa av barn, unge og vaksne. Dei data som er tilgjengelege i Skoleporten, innheld ikkje særskilde data om vaksne. I vurderinga av om rettane til vaksne blir tekne vare på når det gjeld områda læringsresultat, fråfall og læringsmiljø, må skoleeigaren derfor bruke andre kjelder for datainnhenting.
St.meld. nr.16 (2006-2007) dokumenterer at tidleg innsats er vesentleg for å betre ferdigheiter og fagleg utvikling hos elevane. Kartlegging av ferdighetsnivået til elevane må følgjast opp med tiltak for dei som har behov for ekstra opplæring frå første stund. Den spesialpedagogiske innsatsen er her sentral. Dei data som er tilgjengelege i Skoleporten, innheld ikkje data om spesialundervisning, og skoleeigaren må derfor også på dette området bruke andre kjelder for datainnhenting.
Skoleeigaren står elles fritt til å utvide innhaldet i tilstandsrapporten, dersom det er ønskjeleg og føremålstenleg.
Det generelle systemkravet
Den plikta skoleeigarane har til å utarbeide årlege rapportar om tilstanden i opplæringa, er ein del av oppfølgingsansvaret knytt til det generelle systemkravet eller krav til internkontroll, jf opplæringslova § 13-10 andre ledd og privatskolelova § 5-2 tredje ledd.
Ver merksom på at kravet til internkontroll omfattar alle pliktene som ligg til skoleeigaren etter lov og forskrift. Det generelle systemkravet er derfor vidare enn det tilstandsrapporten dekkjer.
Om verktøyet
Dette nye verktøyet i Skoleporten er eit tilbod til skoleeigarane og kan brukast i utforminga av den lovpålagde tilstandsrapporten.
Verktøyet består av ein ferdig mal der dei data som skal inn i rapporten, blir henta automatisk inn frå Skoleporten. Desse data er delte inn i følgjande hovudkategoriar:
- Obligatoriske indikatorar som er knytte til dei nasjonale måla.
- Indikatorar som Utdanningsdirektoratet tilrår at skoleeigarar også inkluderer i rapporten.
Verktøyet har eit enkelt brukargrensesnitt og stor fleksibilitet. Malen har felt for å fylle inn lokale mål og gjer det mogleg å leggje inn data frå andre kjelder enn Skoleporten. Ein kan velje ei minimumsløysing ved berre å bruke det oppsettet som ligg i verktøyet, eller ein kan gjere ulike tilpassingar for val og presentasjon av data. Verktøyet er utforma slik at det skal vere enkelt for skoleeigaren å skreddersy tilstandsrapporten til eigne lokale behov.
Ein tilstandsrapport som er under utarbeiding i Skoleporten, er berre tilgjengeleg for den brukaren som har oppretta rapporten. Det er mogleg å laste ned rapporten når som helst i prosessen for å samarbeide med andre om innhaldet.
Vurdering av resultat
Verktøyet har eit eige felt der skoleeigaren legg inn vurderingar av dei resultata som går inn i det aktuelle indikatorsettet.
Vurderingane som skal gjerast av den enkelte skoleeigaren, er viktig informasjon når tilstandsrapporten skal drøftast av den politiske leiinga e.a., og generelt for oppfølging av utviklinga på sektoren.
I vurderinga bør ein sjå resultata i høve til eventuelle nasjonale mål og dei måla som er sette lokalt. Dersom det er sett i gang lokale utviklingstiltak, bør ein sjå eventuelle evalueringar av dei i relasjon til mål og resultat.
Følgjande element kan inngå i vurderinga:
- særlege negative eller positive resultat
- kort om moglege årsaker
- konsekvensar, eks korrigerande tiltak dersom negativ utvikling
Dersom det er bakanforliggjande faktorar som har noko å seie for korleis tala i rapporten kan tolkast, bør dette inngå i vurderinga. Til dømes bør den delen av elevane som er fritekne frå, eller som ikkje har delteke ved nasjonale prøver, inngå i vurderinga av resultatet frå dei same prøvene.
Ulike visingar av data
I malen ligg det normalt berre éi vising av dei tala som inngår i et indikatorsett. Verktøyet legg til rette for at du sjølv kan opprette fleire alternative visingar av dei same tala ved å klikke på diagrammet eller tabellen. Dersom malen til dømes viser tala som ein tidsserie, kan det gi nyttig tilleggsinformasjon dersom det blir oppretta ei ekstra vising av dei same tala der lokale tal blir samanstilte med nasjonale tal. Det kan også i nokre tilfelle vere interessant å sjå tal for gutar og tal for jenter samanstilte. Kva for visingar som belyser tilstanden best, vil variere ut frå lokale tilhøve. Vi oppmodar derfor til at du utforskar ulike visingar før du vel kva for nokre som skal inngå i rapporten.
Du kan velje å opprette ein Tilstandsrapport med data under publiseringsgrensa, eller ein Tilstandsrapport som ikkje inneheld data under publiseringsgrensa og som dermed kan synast offentleg.
Oppdatere indikatorane
For å oppdatere indikatorane i ein tilstandsrapport som allereie er oppretta, kan du velje eit indikatorsett og trykkje på Oppdater-knappen. Dette må du gjere for alle indikatorsett som du vil oppdatere med nye tal.
Du kan òg opprette ein heilt ny versjon av tilstandsrapporten. Han vil innehalde oppdaterte data, men du vil miste kommentarane du har lagt inn.
Personvern
Opplysningar som direkte eller indirekte kan identifisere enkeltindivid, er personopplysningar som er teiepliktige opplysningar, jf. personopplysningslova § 2 nr 1 og forvaltningslova § 13 (1), og dei er unnatekne det offentlege etter offentleglova § 13. Vi gjer merksam på at det er skoleeigaren som behandler eventuelle innsynskrav, jf. offentleglova.
Omgrepet ”skoleeigar”
I Skoleporten har den enkelte skoleeigar tilgang til data for eigne skoler som elles er unnatekne det offentlege. Dei data som er inkluderte i tilstandsrapporten frå skoleeigaren, kan dermed innehalde data som er omfatta av personvernet. Det er derfor svært viktig at ein hos skoleeigaren har eit bevisst forhold til kven som skal ha tilgang til rapporten. I dette ligg det mellom anna eit krav om at det må gjerast ei vurdering av kva for organ og personar innanfor den enkelte kommunen eller fylkeskommunen som er ein del av skoleeigaromgrepet, og som i tillegg ut frå føremålet med innsamlinga av data har behov for tilgang til resultat som er unnatekne det offentlege.
Utgangspunktet for den nemnde avgrensninga er at berre folkevalde eller kommunale og fylkeskommunale organ som har relevant tilknyting til skoleverket, og som har behov for å ha tilgang til alle resultata, har innsynsrett. Eventuell innsynsrett må også kunne forankrast i føremålet med tilstandsrapporten. Behovet for informasjon vil likevel variere med den rolla den enkelte mottakeren har, og det må takast utgangspunkt i det forvaltningsrettslege prinsippet om at innsyn i teiepliktige opplysningar berre skal ein berre gi i den grad det er nødvendig for å oppfylle føremålet.
Både rådmannen og skolefagleg ansvarleg vil klart vere omfatta av skoleeigaromgrepet, og har slik rett til innsyn i resultat som er unnatekne det offentlege. Folkevalde organ som kommunestyret (øvste kommunale organ) og fylkestinget (øvste fylkeskommunale organ), formannskapet og fylkesutval, og faste utval/komitear etter kommunelova (med skole som føremål/verksemd) vil på lik linje med rådmannen og skolefagleg ansvarleg ha rett til innsyn i resultat som er unnatekne det offentlege. Møta i desse organa ”skal holdes for åpne dører hvis ikke annet følger av lovbestemt taushetsplikt eller vedtak etter denne paragraf”, jf. kommunelova § 31 nr 1. Hovudregelen om lovbestemt teieplikt følgjer av forvaltningslova (fvl) § 13 som mellom anna omfatter opplysningar om ”noens personlige forhold”. Opplysningar om kva for karakter- eller meistringsnivå ein elev ligg på, må ein sjå på som eit ”personlig forhold” etter fvl § 13. I tilfelle der det eventuelt ikkje skulle liggje føre ei lovbestemt teieplikt, kan folkevalde organ dessutan ”vedta å behandle en sak for lukkede dører hvor hensynet til personvern … tilsier dette”, jf. kommunelova § 31 nr 3, og sjå også § 31 nr 4.
Konklusjonen er at dersom resultat i tilstandsrapporten som er unnatekne det offentlege,
blir lagde fram for kommunestyret, fylkestinget eller eit anna folkevald organ, skal dørene stengjast. Det inneber at berre dei som har ei oppgåve i samband med behandlinga av den aktuelle saka, skal vere til stades når resultata blir lagde fram/behandla.
Private skolar
Dei same krava til personvern gjeld òg for private skolar. Styret ved skolen, som er øvste ansvarlege organ, jf. privatskolelova (psl) § 5–1, blir sett på som skoleeigar i denne samanhengen. I saker der teiepliktige opplysninger blir behandla, skal styret syte for at personar under 18 år som har møterett, går ut frå møtet, jf. psl § 5–1 siste ledd. Tilsvarande vil gjelde for den øvste leiinga ved private grunnskolar godkjende etter opplæringslova § 2-12.
I tillegg til dei ovannemnde kriteria ligg det òg ei generell avgrensning i at berre personar eller organ med teieplikt kan få innsyn i teiepliktige opplysningar.